Om oss

Tveit Søndre Gardsmat er ein lokalbedrift som driver med kortreist mat i Ølen.
Råvarene er frå eigen gard og andre gardar på Haugalandet.
Her har me eit produksjonslokale og ein gardsbutikk der me sel forskjellige produkt.

Garden

Tveit Søndre ligg på begge sider av hovudvegen frå Ølen opp mot Fikse og Etne. Namnet Tveit kjem mest sannsynleg av ei opning i skogen eller ei rydning. Garden er rekna tilbake til eldre jernalder (400-600 e. Kr), og i vikingtida kan det ha vert sjølvaste Erling Skakke som råda over jorda på Tveit. På 1160-talet skipa Erling Skakke Halsnøy Kloster og ga frå seg ei stor jordgåve til klosteret. Jorda på Tveit kan ha vært med på denne gåva då det hadde blitt betalt landskyld, og det har vore rekna som klostergods fram til 1758.

Det har vore mykje historie, folk og slekter på Tveit opp gjennom åra.

År 2000 kjøpte me garden, og med påbygg på fjos, samt nydyrking og leige av meir jord har me den tida tredobla produksjonen av melk og kjøtt. Grunntanken med å drive eigen kjøttforedling er mange års erfaring innan kjøttbransjen, og at me har storfe på garden. Dermed blei valget produksjon av storfe. Me fekk etter kvart bygd eit produksjonslokale, og då kunne me ta heim igjen kjøttet av våre storfe etter at dei var slakta på Fatland Slakteri, og godkjent av Mattilsynet. Anlegget vårt er i dag EFTA-godkjent.

sjefen sjølv

Kjell Vidar Øglænd.

Født 1970 og er oppvaksen på garden Hiksdal i Ølen. Har jobba både på Fatland slakteri i Ølen og Nortura i Sandeid, og 2 år som kjøttfaglærar på Ølen-vidergående skule. Til saman 25 år med erfaring og 2 fagbrev.

Driv Garden Tveit Søndre og Tveit Søndre Gardsmat i Ølen. Kjøtt og melkeprodusent.

Interesser:
- Jakt, fiske og ivrig hjortejeger.
- Er såkalla hobby-kokk.
- Eg likar ordtaket «frå bås til bord». Eg jobbar med produksjon av kjøtt og mjølk som vil stå på bordet ditt, - og med 25 år i kjøttbransje og over 20 år som bonde er det ein god kombinasjon for å kunne gi deg eit godt produkt, og gode råd for eit vellukka måltid.